Eg angrar ikkje!!!

September 09, 2009

Av ein eller annan grunn fekk eg veldig lyst til å skrive ein blogg på nynorsk - og tru meg når eg seier det er lenge sidan eg har skrive skikkeleg nynorsk. Av tittelen kan dykk som les dette forstå at eg angrar ikkje på valet eg har gjort - studera rett etter vidaregåande. Det er eit av det beste valet eg har tatt, livet som student er noko heilt anna enn det eg hadde førestilt meg på førehand.

Veldig mange av venane mine har tatt eit heilt anna val - dei tek eit år på folkehøgskule, noko eg òg trur er ei oppleving for dei. Det er rart å tenkje på at eg, Lille Lotte som eingong gjekk i barnehage på Lye er student og har flytta heilt åleine til Kristiansand. For det var nett slik, eg kjende ingen andre som skulle reisa til Kristiansand, men dette gav meg moglegheit til å byrja heilt på ny - eg kan vera meg sjølv meir enn nok...

I løpet av den litle månaden eg har vore buande i Kristiansand har eg vorte kjende med nye og absolutt fantastiske folk. Likevel kjem eg aldri til å gjeva slepp på dei gamle - dei har vore med meg gjennom tjukt og tynt.

Tida har gått fort, og ho står aldri stille - når ein er student skjer det noko heile tida. Sist torsdag var eg med på quiz på Østsia, det er noko av det kjekkaste eg har vore med på i tida eg har budd her. Quizzen var ferdig rundt elleve, men kvelden den var ennå ung - den haldt fram på Stiften, huset til dei musikalske på Campus. Her er det alltid liv og miljøet er veldig bra - sjølv om du ikkje kjenner nokon før du kjem dit er du garantert å ha fått nye bekjentskap før du gjenge heim og det er ikkje alltid du har lyst til å turen heim eingong.

Sjølve universitetet minnar veldig om amerikanske universitet, og saman med ei anna har vi oppdaga at dei sel smoothies, italiensk is og ei heilt fantastiske suppa - ikkje sant Elisabeth?? Men dette får vera nok nynorsk for no, snart er det leggetid - kvelden i går blei ikkje akkurat tidleg då det var bli-kjent fest saman med Stiften. I morgon er det fyrst engelsk seminar, deretter set eg meg på toget for å ta ein liten tur - Heim t Jæren! Her er det potetfestival og eg skal på fredag eta komla.

Storgler meg!!! Me talast, eller som dei seier i Farsund: Mi preikast...;)

3 comments:

Kirstina said...

Så godt å lesa at du e fornøyd med valget du har tatt:) Veldig godt å hørra at det går bra! Heim TE jæren din snik! Du kan jo komma te voss i stedet. Du kan få vossafår, vossakorv og smalahove! :) GID

Weronica said...

Kom på besøk når du kjeme heim då ;)

heffa89 said...

JA SMOOTHIES OG SUPPA!!!