Etter å ha lese fleire nye blogginnlegg har eg vorte inspirert til å skriva mitt eige. Det er alltid greitt å skrive når ein har inspirasjon, og tider då ein verkeleg har noko på hjarta. Eg vart inspirert av Weronica for ei stund tilbake då ho skreiv om gatemagasinet Asfalt, noko eg faktisk har kjøpt då eg budde på Bryne. Men dei har eit slik gatemagasin her i Kristiansand òg, Klar, som eg lenge har sagt eg må kjøpa - i dag gjorde eg det.
Eg har ikkje fått tid til å lesa alle artiklane enno, men ein ting greip tak i meg. Det var eit bilete av Arvid Bergstøl, nesten heilt i slutten av magasinet - tittelen på bilete er Hvis frykttreet blomstrer... Bilete visar eit tre, "pynta" med forskjellige masker og greinene i toppen former ordet masker. På sida stend følgjande tekst:
Ikke la deg lure av meg. Ikke la deg lure av de maskene jeg har på. For jeg har tusenvis av masker, - som jeg er redd for å ta av. Og ingen av dem er meg. Å late som er en kunst som er min andre natur. Men ikke la deg lure. Jeg gir inntrykk av å være sikker. At alt i meg er solskinn og uberørt av ro, både på innsiden og utsiden. At mitt navn er selvsikkerhet og min oppførsel er selvsikker. At ting går innpå meg og at jeg har kommandoen. Og at det jeg gjør ikke berører andre. Men snille deg, - ikke tro på meg. På overflaten ser alt bra ut, men min overflate er en maske. Det finnes ikke noe egenverd under denne. Under masken finnes mitt egentlige jeg. I forvirring, skrekk og ensomhet.
Denne teksten traff meg i hjarta - kven er det som ikkje gøymer seg bakom ei eller anna maske? Det var eit stort steg å ta; bli heiltidsstudent, men ettersom dagane og vekene går - ser eg lysare på det. Alt eg treng er tid til å omstilla meg til ein ny kvardag, til ein ny struktur. Det er på tide å ta av seg maskene og vise verda kven eg er. Det å flytte heime frå har hjelpt meg godt på veg, ein plass der ingen kjenner meg, nye menneskje og ikkje minst nye impulsar. Studentlivet er fantastisk; eg føler meg fri som fuglen, men likevel føler eg at livet har fått ny struktur - den er i vert fall nypussa. Det er på tide og vende tilbake til kvardagen; studering av engelske setningar, oversetting av tekstar og ikkje minst lesing om filosofar. Men veit du, det gjer meg ikkje nokon ting - for akkurat no smilar livet til meg og då kan ikkje eg gjera noko anna enn å smila tilbake.
Eg takkar for inspirasjonen... Det var som om hovudet mitt var lettare når eg fekk al nedskrive, svart på kvitt. Eg takkar for ei fantastisk helg heime på Jæren og ynskjer alle lukke til vidare. Og husk om livet gjev deg motstand den eine dagen, skal du sjå det smiler til deg den neste.
No vendar eg tankane tilbake til tre diagram og engelsk setningsanalyse. Eg vonar at alle går ei fin tid i møte, men gløym ikkje å ta ein pause - stopp opp og sjå alle dei fine fargane hausten bringer med seg...!
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
2 comments:
Hehe - forstår godt av du ikkje savne dei nei. MEn takk for det, krysse fingrane og satse på det besta :-)
Kult at du blei inspirert :) Du skrive forresten innlegg som har god kvalitet. ;)
Post a Comment